Det fortel ordførar Stein Aam som fredag hadde møte medviktige aktørar for å snu ei negativ utvikling for flyplassen i Hovdebygda.

Med på møtet var sjefen for kortbaneflyplassane, Asbjørn Grebstad, Svein Sunde i Gode Vegar, stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal, Eldar Rune Øye frå kommunen, lufthamnsjef Sverre Bae og varaordførar Karen Høydal i tillegg til ordførar Stein Aam.

Sviktande

Etter dårlegare rutetilbod og sviktande passasjergrunnlag er det no eit ønske å utvikle ein strategi med mål om å snu utviklinga på Hovden. Og første tiltak er å arrangere ein flyplass-konferanse, der næringslivet vert involvert, også dei store aktørane i ytre. I tillegg skal alle lokale «flyplassordførarar» kontaktast.

– Vi er bekymra over utviklinga på flyplassen, og ser at det må mobiliserast sterkt på heile Søre sunnmøre, og Hovden sitt nedslagsfelt. Poenget med konferansen er å utøve trykk på sentrale politikarar, Hovden har ramla mellom fleire stolar og vorte eit offer etter svært god trafikkutvikling som har gjort at statsstøtta har forsvunne. Dette gjeld ikkje berre Hovden, men også Florø mellom anna. Vi har ein stor jobb å gjere, men det vert tøft, vurderer Stein Aam.

Arbeidet med å planleggje konferansen startar umiddelbart. Stein Aam meiner det er bra at også Gode Vegar og Fredric Holen Bjørdal vert trekt inn.

– Svein Sunde har gode kontaktar inn mot det sentrale politisk miljøet, og Holen Bjørdal sit på Stortinget og kan spele ei viktig rolle, seier Aam.