– No oppmodar vi folk om å kome med fengjande framlegg til namn på bygget vårt, seier Arne Johan Rebbestad og Per Magne Mork.

Eigarane av huset som har fått glasfasade, og som har vorte kalla Nordea-bygget i alle år, registrerer at mange har meiningar om dette bygget. No håper dei at folk kan finne på eit veleigna namn på bygget.

– Det er på tide å gravleggje Nordea-namnet på bygget, for der er jo ikkje lenger bankdrift i bygget. Vi er opne for alle framlegg, og vi kan love ein fin premie til vinnaren, seier Mork og Rebbestad.

Dei oppmodar folk om å gå inn på Facebook og Møre-Nytt si side for å registrere namneframlegg.

Mork og Rebbestad held no på å fylle glasbygget med leigetakarar. Og i desse dagar vert det jobba med å ferdigstille tredje etasje i bygget. Eigarane er i dialog med fleire tunge aktørar om etablering i bygget. Til no er underetasjen og hovudetasjen leig ut. No står det altså att å fylle tredje høgda der mesteparten allereie er utleigd. På toppen, i fjerde etasje, kjem der leilegheiter. Desse er selde.

Bot

Bucci Arkitektur og Design AS fekk nettopp 50.000 kroner i lovbrotgebyr for fasaden på Nordeabygget. Samfunnsutvalet vedtok bota samrøystes.Utvalet meiner at selskapet braut vilkåra i byggjeløyvet då dei valde glasfasade på bygget. I byggeløyvet var det spesifisert at bygget skulle ha lyse flater, jamfør målsetjinga om Ørsta som «den kvite byen».

– Det ver trist og overraskande at arkitekten vår no får ei bot. Det høyrer ikkje heime nokon plass. Alt er gjort i beste meining. Frå første dag søkte vi om å byggje eit glasbygg, og bygget er ført opp nøyaktig etter søknaden, der store delar av bygget også har lys fasade, seier Per Magne Mork og Arne Johan Rebbestad.