Kunstnar Ole Lislerud er tilbake i Ørsta. Det har gått 16 år sidan han fekk oppdraget med å utsmykke eit rom i Aasen-tunet. Oppgåva var å setje nynorsken i eit internasjonalt perspektiv. Der dukka bokstaven Æ opp for første gong i kunsten hans.

– Så vert du litt eldre, litt meir gråhåra, og kanskje litt meir friare. Då eg fekk invitasjonen til å stille ut her tenkte eg at no må eg slå til og gjere det eg har hatt lyst til lenge, nemleg å måle på stort papir.

To av verka i kunsthuset er på 5x2 meter tynt rispapir, der bokstaven Æ er å finne i abstrakt form, og for første gong også Ø og Å.

– Dette er nok noko av det mest meiningsfulle eg har gjort dei siste åra, å jobbe med kalligrafi og uttrykke desse tre bokstavane. Det er symbolet på det norske, i eit fleirkulturelt samfunn, i ei global verd.

Det var direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad som hadde æra av å offisielt opne utstillinga torsdag.

– Vi har visst at bokstavane Æ og Å vert brukte i svært få språk. Likevel måtte det altså ein biletkunstnar til for at vi skulle forstå kor mykje norsk identitet det er nettopp i to bokstavar. I stort format og original form syter Ole Lislerud for at vi innser kva morsmål handlar om. Denne utstillinga opnar for så mykje at det vert trivielt å seie at utstillinga er opna, var dei sterke orda frå Grepstad, før han vidare takka Volda og Ørsta kunstlag for eit eineståande klokt val av kunstnar, og gratulerte Lislerud med verk «som skriv seg inn i kunst- og skrifthistoria».