Det vedtok eit samrøystes samfunnsutval i møte tysdag. Selskapet braut vilkåra i byggeløyvet då dei valde glasfasade på bygget. I byggeløyvet var det spesifisert at bygget skulle ha lyse flater, jamfør målsetjinga om Ørsta som «den kvite byen», ei målsetjing som vart uttalt i tettstadanalysen for Ørsta i 1999.

– Men det vert eit fint bygg. Der er mange mørke bygg i Ørsta, også kommunale, som ikkje måler seg mot dette. Går du forbi på kveldane speglar himmelen seg i fasaden, og med lys inne, så er ikkje dette så hakkande gale, kommenterte Wictor Kolås (H).

Inge Kolås (Frp) er samd.

– Men der var ein viss form for arroganse som var stor då dei heldt på. Hadde dei søkt om å få glasfasade hadde dei truleg fått det, men dei gjorde det utan løyve, og då er det rett og rimeleg at dei får dette gebyret.

– Det er ikkje bygget i seg sjølv som er skjemmande, men gangen i saka undervegs, samtykte Astrid Bjørdal (Ap).

Karl Asgeir Sæbønes (Sp):

– Dei må få ein liten smekk over fingrane fordi dei ikkje følgde reglane. Når det er sagt, så godkjende Ørsta kommune eit mørkt bygg, berre 50 meter frå dette. Kvar går grensa for den kvite byen? Er det ved Kiwi og Nordeabygget? Hotellet i bakgrunnen vil eg heller ikkje definere som lyst.

Wictor Kolås:

– Der er nesten ikkje lyse bygg i sentrum. Er vi ein kvit by? Her må vi tenke oss litt om. Eg er også overtydd om at dette bygget ville ha vorte svært dominerande om det var lyst. Dei mørke glasfasadane dempar det.

Gebyret på 50.000 kunne ha vore langt høgare. Dersom samfunnsutvalet hadde vore av den oppfatning at lovbrotet kunne vere til vesentleg skade for kommunen sine moglegheiter til å utvikle sentrum i ønska retning, kunne gebyret ha vorte sett så høgt som 200.000 kroner, men det meinte samfunnsutvalet ville vere for strengt.

– Men det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Dei har forma heishuset, underdelen og toppen i lyse fargar. Eg trur ikkje dette vert så verst. Så må samfunnsutvalet vere årvakne på kva som skjer vidare på Mørebiltomta. Og også på kva som skjer når Amfi utviklar seg vidare, slik at vi får ei fin ramme rundt dei to bygga, som vert pilarar mot glasbygget. Dette kan verte kanonbra, sa ordførar Stein Aam (Sp), som vitja møtet.