Det er Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) som har teke initiativ til å dyrke frukt- og grønsaksplantar midt i Ørsta sentrum. På plenen til frikyrkja har dei planta to pallekarmar der det no spirer og gror.

– Vi har planta jordskokk, stemorsblomster, tagetes, jordbær, poteter og bringebær, seier Lillian Auflem Øye, nyvalt leiar i Ørsta MDG.

Kommunestyrerepresentant Firda Gilberg har teke med seg nokre nevar med skikkeleg god Ørsta-jord.

– Det er mykje som må stemme for at matjorda skal vere god. Det må vere nok luft i jorda og nok fuktigheit. Og det tek lang tid for naturen å lage god matjord. Sidan siste istid har det vorte danna 50 centimeter med god matjord, og sidan Jesu tid har det kome berre 10 cm, forklarer Gilberg.

Partiet sette vern av matjord på dagsorden i samband med verda sin miljødag 5. juni.

– Vi ønskjer eit Ørsta med lokal matproduksjon, urbane hager og glade folk. Det kan vere ei sann glede å drive med matjord og sjå det ein sår spire og gro!

MDG har ansvar for å stelle plantene, medan Frikyrkja støttar tiltaket ved å stille marka si til disposisjon.

– Avlinga går til frikyrkja, som skal bruke det til Supperådet sine arrangement, seier Gilberg.

– Vi må få nemne Øystein Hovland og sonen Åsmund i frikyrkja spesielt. Dei klippar graset rundt blomsterkassene, og legg graset oppi karmane. Det er kompost, jordproduksjon og matproduksjon i eitt! seier Auflem Øye.

Ho gir også skryt til ørstingane, som så langt har latt «grønsakskassene» få stå i fred.

– Det synest vi er eit veldig godt teikn for Ørsta.

Strengare jordvern

Møre-Nytt sette fokus på jordvern tidlegare i vår. Ørsta bygde ned 460 dekar jord mellom 2007 og 2014. Det er meir enn nokon andre kommunar i Møre og Romsdal. Ordførar Stein Aam (Sp) sa då at Ørsta må stramme inn jordvernet.

– Mitt grunnsyn er at det kan kome ein dag der vi blir nøydde til å vere meir sjølvforsynte med mat i Noreg enn vi er i dag. Då treng vi matjorda. Difor meiner eg det er grunn til å vere meir restriktive enn i dag.

Miljøpartiet støttar ordføraren i dette, men utfordrar han.

– Kva konkret skal Ørsta kommune gjere for å bevare den verdifulle matjorda? Ørsta har stolte landbrukstradisjonar. og bør vere ein føregangskommune på dette området, seier Frida Gilberg.

<strong>God jord:</strong> God matjord er svært verdifullt og tek lang tid å utvikle.