Det er Dagbladet som har gjennomført ei rundspørring på Stortinget om kven representantane ville røysta på i det amerikanske valet.

Sjølv om alt tyder på at Hillary Clinton blir kandidaten på den demokratiske sida, har representantane fått høve til å velje mellom demokratane Clinton og Bernie Sanders og republikanaren Donald Trump.

Heile 41 av dei 54 som har svart, ville røysta på Clinton. 11 ville røysta på den meir venstreorienterte Bernie Sanders, som brukar nemninga «demokratisk sosialisme» om politikken han står for.

Fredric Holen Bjørdal (Ap) frå Ørsta er ein av dei som ville røysta på Sanders.

Ein representant ville røysta på Trump: Ulf Leirstein (Frp).

Tidlegare fredag melde Dagbladet at også Oskar Grimstad (Frp) ville røysta på Trump. Dette var ikkje korrekt, og Dagbladet har no retta feilen.

Amerikanarane går til valurnene 8. november. Denne våren har partia valt sine kandidatar gjennom primærval og valmøte.

Ville røysta på Donald Trump: Oskar Grimstad (Frp) frå Hareid.