– Eg gler meg veldig. Folkehøgskule er noko heilt eige, og noko eg ikkje har jobba med før, men eg trur absolutt at min bakgrunn og kompetanse passar godt inn i konseptet, seier 42-åringen frå Oslo.

Hovdebygda

Heilt ukjent med Ørsta og Sunnmøre er han ikkje. Han er sambuar med Lene Hovde frå Hovdebygda.

– Ho har lenge ivra etter å få flytte heim. Då denne sjansen dukka opp fann vi ut at det var rett tid, seier han.

Han er utdanna lektor med opprykk og har faglærarutdanninga si frå Norges idrettshøgskole.

– Eg har jobba med idrett og utdanning heile livet. Dei siste ti åra gjennom Gateway College som tilbyr utdanning i utlandet.

Staxrud har difor jobba både i Indonesia, Sør Afrika, Brasil, Mexico, California og Sveits, noko han trur kjem godt med i jobben på Møre folkehøgskule, der fleire av linjene tilbyr utanlandsopphald i løpet av skuleåret. Idrett og ekstremsport står også sterkt ved skulen, noko Staxrud ser på som eit stort pluss.

Surfing

– Eg er veldig glad i fjell og hav. Ei av mine største interesser er surfing, noko det er mykje av på Nordvestlandet. Toppturar er eg også glad i, så Sunnmøre passar meg godt. Det einaste aberet må vere det ustabile vêret, men det går nok bra det også.

Staxrud har også femten års erfaring med arbeid i Olympiatoppen, og er sjølv tidlegare boksar på landslagsnivå. Bakgrunnen hans er altså svært allsidig.

– Eg gler meg veldig til å kome på plass og starte i den nye stillinga. I utgangspunktet søkte han på ei rein undervisningsleiarstilling og fekk også tilslag på denne. Så dukka tilbodet om å verte rektor opp, og Staxrud bestemte seg for å slå til.

Knud Jørgen Holck er for tida setterektor ved skulen.

– Å jobbe på ein folkehøgskule er heilt klart noko anna enn å jobbe ved ein høgskule, der eg har erfaring frå. Likevel trur eg at dette passar meg veldig godt. Eg gler meg til meir sosialt arbeid med elevane, og det har eg også erfaring med gjennom opphalda mine i utlandet, der det på det meste har vore opp mot 400 studentar. Eg trur at dette skal verte veldig bra.