– Dette er ein festdag og ein merkedag for oss. Vi er veldig stolte av at vi no ha tre kontor i Møre og Romsdal: Ørsta, Ålesund og Molde, sa Eivind Thoresen Skarpaas, divisjonsleiar for bygg og installasjonar i Asplan Viak då selskapet markerte opninga av kontoret på Ørsta Torg torsdag.

Asplan Viak er eitt av dei største rådgivande ingeniør- og arkitektselskapa i Noreg. Dei har lenge hatt eit kontor i Molde, men ifølge Thoresen Skarpaas har leiinga hatt eit sterkt ønske om å etablere seg på Sunnmøre.

– I fjor tok desse dyktige folka i Ørsta kontakt, og sa at dei kunne tenke seg å starte eit avdelingskontor for Asplan Viak i Ørsta. Eg tende på ideen med ein gong. Dette passa også veldig godt inn i planane våre, i og med at vi allereie planla å opne eit kontor i Ålesund.

Ørsta-kontoret har vore i drift sidan oktober, og har vore omtala i Møre-Nytt tidlegare. Det har per i dag tre tilsette: Sivilingeniørane Gro Sørheim Høstland og Ståle Liadal og ingeniør Ove Rønning. Til hausten får dei endå ein ny kollega.

– Så får vi sjå kva som skjer vidare. Vi har iallfall fått beskjed om at det er meir ledig kontorplass her, seier Skarpaas.

I Ørsta spesialiserer dei seg på bygg, men kontoret formidlar oppdrag innanfor alle fagfelta til Asplan Viak.

– Det er ein fordel for oss å vere del av eit stort fagmiljø. Då kan vi spele på kompetansen i heile bedrifta.

Ørsta-kontoret skal slett ikkje berre jobbe med oppdrag i eige nærområde.

– No jobbar eg mellom anna med eit prosjekt i Harstad, seier Rønning.

Medan andre store rådgivingsfirma gjerne sentraliserer verksemda, har Asplan Viak valt ein annan modell, ifølge Thoresen Skarpaas.

– Oppdraga våre er lokale. Difor meiner vi det er viktig å vere til stades lokalt. Vi går mot straumen, og har avdelingar over heile landet.

– Men de møter konkurranse frå fleire andre verksemder i Ørsta?

– Det skal vi nok handtere. Vi satsar på det er oppdrag å få for alle.

<strong>Ordføraropning:</strong> Når det er offisiell opning, er sjølvsagt ordførar Stein Aam på plass for å klippe snor.