I Ørstaelva var Frode Vatne ein dei som hadde ein veldig god start på årets laksefiske. To laksar kom på land, og den største vog 5,4 kilo.

– Eg byrja klokka seks i dag tidleg og fiska ved Melsgjerdet, og eg er kjempenøgd, seier Vatne.

Kvoten i Ørstaelva er to fiskar pr. dag og totalt ti pr. sesong. Vatne fylde kvoten si onsdag morgon, og har von om at det gode fisket held seg til laksefisket vert stengt 31. juli.

– Eg har von om at det gode fiske held fram, og det har vore ei kjempeopning i Ørstaelva.

Sindre Moe i Ørstavassdraget Elveeigarlag kunne rapportere om ein fangst på tjue fiskar i Ørstaelva onsdag føremiddag.

– Det er dei fangstane eg veit om. Fiskane har blitt teke ganske langt framme i elva. Det vart teke fire fisk ved Melsgjerdet og Barstad. Starten på laksefisket har vore brukbar. Det er litt lite vatn i elva. Det gjer det vanskeleg å fiske, men det er observert meir fisk i elva, seier Moe.

Både Ørsta Jeger og Fisk og Ørstavassdraget Elveeigarlag er optimistiske for årets laksefiske i Ørstaelva.

– Vi har god tru på eit godt år, og at det vert gode fangstar når elvane opnar. Det er litt lite vatn i elva. Vi var optimistiske med mykje snø i fjella i vår, men det er framleis kaldt om nettene og då tek snøsmelting tid. Elva vil vekse utover sesongen, og dette godvêret vil ikkje halde seg heilt fram til 31. juli, sa leiar Daniel Breivik i Ørsta Jeger og Fisk og Kjell Jack Brautaset i Ørstavassdraget Elveeigarlag før sesongopninga.

I Bondalselva var også rapportane gode etter dei første timane med fiske.

– Til no er det teke tolv fiskar, og av desse er det sju laksar. Den største var på 8,6 kilo, og i løpet av dagen reknar vi talet på fiskar vil auke til tjue, seier Bjørn Urkegjerde ved Bondalselva camping.

45–50 fiskarar fekk fiskeutstyret desinfisert før sesongopninga i Bondalselva. Det vitnar om god interesse, og det var teke fisk i heile elva.

– Fangsten har i grunnen vore jamt fordelt på elva. Elva har blitt litt klarare, og dermed er fisken litt var, seier Urkegjerde som vonar at det kjem litt nedbør om ikkje lenge.