– Det vil kunne vere mogleg å få til. Det er gjort på tilsvarande måtar i storbyane. Trondheim har to trinn på miljøpakken sin, og i Oslo og Akershus blir det no jobba med Oslopakke tre, seier Håvard Austvik, seniorrådgivar i strategiseksjonen i Statens vegvesen Region midt, til Møre-Nytt. Han var i Ørsta for ei tid tilbake i samband med representantskapsmøtet i Sunnmøre regionråd.

Ørsta og Volda kommunar har no for alvor starta arbeidet med ein samferdslepakke, i samarbeid med Statens vegvesen. Planen er at den bompengefinansierte pakken både skal finansiere delar av Voldatunnelen (E39 Volda-Furene) og andre samferdsletiltak, som til dømes miljøgater gjennom Ørsta og Volda sentrum.

I Ørsta er det også viktig å få gjennomslag for ei kryssing av Ørstafjorden, slik at stamvegtrafikken blir leia ut av Ørsta sentrum. Fleire politikarar har vore skeptiske til å akseptere ein samferdslepakke der Ørstafjordkryssinga ikkje er med. Dette var seinast diskutert i kommunestyret i førre veke (sjå Møre-Nytt laurdag).

Det er likevel eit faktum at Voldatunnelen er komen vesentleg lenger i planlegginga enn Ørstafjordkryssinga.

Detaljreguleringa av tunnelen er no i full gang, og planane skal vere klare for vedtak i 2018.

– Eg har ikkje problem med at Voldatunnelen kjem først, men eg skulle gjerne sett at prosjekta vart sett i samanheng, sa formannskapsmedlem Paul Kristian Hovden til Møre-Nytt i førre månad.

No avklarer altså vegvesenet at det er mogleg for Ørstafjordkryssinga å kome med i pakken med ei trinnvis utbygging.

Vidare vart mange i Ørsta overraska då det vart klart at Statens vegvesen vil vente på ei avklaring om Hafast før dei går vidare med planlegginga av Ørstafjordkryssinga.

– Vi må vite kva slags veg vi skal planlegge før vi kan planlegge vegen. Traseen for Hafast vil avgjere om Ørstafjordkryssinga skal bli planlagt som ein europaveg eller ein fylkesveg, seier Austvik.

Han presiserer likevel at det er planlegginga av Hafast som er avgjerande, ikkje kva tid Hafast blir bygt.

– Når vi har planlagt kvar E39-traseen skal gå, får vi også ei avklaring om Ørstafjordkryssinga, seier han.

Kva tid dette skjer, er avhengig av kor høgt Hafast blir prioritert av storting og regjering.

– Ei høg prioritering av Hafast vil også kunne framskynde avklaringa om Ørstafjordkryssinga, seier Austvik.