Så langt har 60 prosent av abonnentane fått avfallsdunk med gult lokk, og Bjørndal ber dei resterande kontakte VØR og bestille.

– VØR vil levere ut glas- og metalldunkar fortløpande, seier han.

Ingen gebyrauke

Jon Helge Bjørndal minner om at dette ikkje medfører auke i renovasjonsgebyret. Frå og med 2017 vil dette verte ei obligatorisk ordning i Volda og Ørsta.

Han har registrert at spesielt dei yngre er svært positive til at VØR tilbyr innsamling av glas- og metallemballasje på heimebane.

– Innsamling av glas- og metallemballasje har ført til vesentleg mindre restavfall, og har gjort det mogleg å hente restavfall kvar fjortande dag i staden for kvar veke slik det var tidlegare, seier Bjørndal og legg til:

– Tidlegare gjekk mykje glas- og metallemballasje rett i restavfallsdunken. Høve til å sortere ut denne fraksjonen heime, har også vore eit nødvendig grep for at VØR skal klare å nå målsetjingar om gjenvinning, seier han.

Vekst

Ved utgangen av mai hadde VØR teke imot over 100 tonn glas- og metallemballasje. For heile 2015 var talet 204 tonn.

– Vi har hatt ein vekst på innsamla glas- og metallemballasje på 43 prosent dei fem første månadane i året, takka vere frivillig henteordning av dette heime, seier dagleg leiar i VØR, Petter Bjørdal.

Han minner om at sommarmånadane er tida då renovasjonsselskapa får inn mest glas- og metallemballasje.

– Dette har samanheng med større konsum av drikkevarer og matvarer pakke i metallemballasje enn elles i året. I avfallsbransjen snakkar vi om tre toppar; januar fordi då vert det levert mykje avfall etter jule- og nyttårshøgtida, mars-april i samband med påska og juli som er feriemånaden for dei fleste, forklarar Petter Bjørdal.

Fredrikstad

Innsamla glas- og metallemballasje frå Volda og Ørsta vert køyrt til Onsøy i Fredrikstad, der Norsk Glassgjenvinning og Norsk Metallgjenvinning har anlegg for mottak og sortering. Etter sortering vert glas og metall sendt vidare til inn- og utland for å verte smelta om, slik at råvarene kan få nytt liv i nye produkt.