I samband med handsaminga av økonomiplan 2017-2020 for Ørsta kommune vart rådmannen beden om å levere eit oversyn over behov for nybygg og rehabilitering ved alle andre skular i Ørsta kommune enn Vartdal. Seksjon skule og seksjon eigedom i Ørsta kommune er klar med enkel framdriftsplan for nybygg og rehabilitering av skulebygg for økonomiplanperioden 2017–2020. Seksjonane er einige om kriteria for prioritering av framdrifta. Det første punktet er at manglar når det gjeld lover og føresegner for helse, miljø og tryggleik må i alle høve vere det som veg tyngst.

– Den særs krevjande situasjonen på Velle og Vikemarka skular m.o.t. kapasitet, må vege tungt. Vi er nøydde til å ha lovleg skuleplass til dei nær 600 elevane, er det andre punktet i lista over kriterium.

Om det er mogleg å få til praktiske og raske tiltak som løyser utfordringar for flest mogleg elevar og tilsette, tel det tungt.

– Det må vere viktig å sjå på dei ulike behova og få til ei best mogleg arbeidsfordeling for seksjon eigedom etter kva tiltak som er akutte og kan løysast raskt og høvesvis billig, og kva tiltak som treng lenger utgreiingstid eller er så dyre at plasseringa i økonomiplanen er meir krevjande, heiter det i det siste punktet.

Prioriteringsliste

I 2017 er brannsikring av kjellaren på Ørsta ungdomsskule prioritert øvst med ein stipulert kostnad på rundt 5,5 millionar kroner. På Velle skule skal det vurderast av branntekniske løysingar for loft/kjellar. Her kan det kome eit alternativt nybygg som kan erstatte desse funksjonane og eventuelt andre funksjonar ved omdisponering av samla bygningsmasse. Kostnadane er usikre, men eit nybygg er stipulert til 25 millionar kroner. Framtida til dei noverande lokala til Ørsta opplæringssenter skal vurderast. På Vikemarka skule er tilbygg av seks grupperom prioritert til ein stipulert kostnad på 5,9 millionar kroner.

I 2018 er Sæbø skule øvst på prioriteringslista med sanering av ungdomsskulebygget, og nybygg med ein stipulert kostnad på 26,1 millionar kroner. Om nye klasserom ikkje kjem på plass ved Velle skule i 2017 skal dette løysast med nybygg i 2018.

I 2019 er Hovden skule prioritert øvst med nybygg til erstatning av m.a. øvrebygget, gymnastikksal, garderobar og personalavdeling. Den stipulerte kostnaden er 45,7 millionar kroner. Renovering av bygg 1 og 2 ved Vikemarka skule, i tillegg til m.a. nybygg av to klasserom, to grupperom, arbeidsrom for lærarar og flytting av ulike rom er neste punkt på prioriteringslista. Kostnaden for nybygg er stipulert til 13,2 millionar, i tillegg kjem renoveringskostnader. Dalane skule er også inne på lista i 2019 med to grupperom, branndokumentasjon og renovering.

I 2020 er tilleggsareal ved Ørsta ungdomsskule prioritert med ein stipulert kostnad på 24 millionar kroner. Renovering av nedrebygget ved Hovden skule er på lista med ein stipulert kostnad på 1,5 millionar kroner.

I saksdokumentet er det også nemnt tiltak som ikkje er direkte tilknytt bygga og som ikkje er kostnadsrekna. Det vert påpeikt at det bør bli etablert eit leike-/parkområde av heilt andre dimensjonar enn kva som i dag er tilgjengeleg i Ørsta sentrum. Dette vert omtalt i samband med uteområdet til Velle skule. Utfordringar ved parkering og trafikkavvikling ved Velle skule og Vikemarka skule må også vurderast.

Saka skal opp til handsaming i levekårsutvalet, formannskapet og kommunestyret.