– Årsaka er godt sal til verksemdene som har adresse i dette området. Vi vonar at det vil kome til fleire kundar under utbyggingsperioden, seier Olav-Arne Vinjevoll i Tussa i eit brev til kommunen.

Vedtaket om utbygging er under føresetnad av at dei kalkulerte kostnadene er mogleg å halde.

– Fiber er den mest framtidsretta transportveg for breiband og tv-signal. Dette er ein stor fordel for næringa i området. Vi vonar at Ørsta kommune set pris på at vi gir dette tilbodet til eit sentralt næringsområde i kommunen, seier Vinjevoll.

Tussa har sendt framlegg til avtale til kommunen, og eit kart med oppteikna hovudtrasear. Avtalen skal signerast.