Gunnar Wangen og Matias Kårstad frå planavdelinga i kommunen fekk ein god start på veka då dei måndag morgon studerte nye skisser over Ørsta sentrum, laga av dei tre danske arkitektane i Tegnestuen FELT, vinnarane av arkitektkonkurransen Europan.

Torsdag kveld inviterer kommunen til eit ope møte der detaljar og bilde frå planane vert lagt fram. Arkitektane vil også vere til stades.

– Vi må berre oppmode folk om å møte opp. Det er no det er mogleg å kome med innspel og vyar for framtida. Dette er den mest spennande fasen i prosjektet. Over sommaren får vi den endelege utviklingsplanen, og då er det berre mogleg å gjere mindre endringar, minner Gunnar Wangen om.

Utviklingsplanen vil verte brukt som grunnlag for ein ny reguleringsplan for sentrum, og arbeidet med dette vil starte opp så snart utviklingsplanen er klar.

Ryddig

Kårstad seier at skissene til arkitektane viser eit sentrum i Ørsta der viktige funksjonar vert løfta opp.

– Planen definerer kvar vi ønskjer å ha dei ulike funksjonane. Handel skal vere i eitt område. Andre funksjonar i andre område. Dette styrkar sentrum, og det vert eit ryddig og oversiktleg samfunn.

Havtor Hovden-plass mellom Amfi og Ørsta Torg kallar arkitektane for eit sentrum i sentrum. Her har dei teikna inn ei utviding av Amfi-senteret, fleire tre som gir området eit preg av å vere ein park, og ein ny og open paviljong mot fjorden til bruk for marknader og konsertar.

Haldeplassen ved Kaihuset har dei definert som eit ankerpunkt i sentrum. Her ser dei føre seg å styrke plassen ved å plassere eit nytt leikeland- eller musikk- og konserthus mot fjorden. Haldeplassen skal framleis romme parkering, men skal også vere for dei gåande.

– Dette skaper rom for å opphalde seg i området, og såleis kan staden verte eit sterkt ankerpunkt i sentrum, skildrar dei i planane.

Gjennomførbart

Det viktigaste, meiner Wangen og Kårstad, er at planane skisserer fullt gjennomførbare tiltak for sentrum.

– Dei har mange konkrete forslag som både er realistiske og moglege å gjennomføre. Dei er inne på eit spor der vi kan få til grep som kan endre Ørsta sentrum til å verte den visjonen vi har, om å skape eit attraktivt og levande sentrum.

I første omgang trur dei at det vil vere rett å konsentrere seg om området ved Amfi/Ørsta Torg/Vikeparken/Svendsengarden, og knyte dette saman til ein heilskap, men planen inneheld også tiltak for ein ny rådhusplass med meir.

– I planane har dei teke høgde for å ta vare på det vi har i sentrum frå før. Det er altså ikkje snakk om å utradere sentrum og starte på nytt, men å gjere grep, omstrukturere og rydde opp, seier Kårstad.

For arkitektane, som kjem til bygda onsdag, vert det hektiske dagar med fleire møte mellom kommunen, grunneigarar, moglege investorar og andre interesserte. Også vegvesenet og fylkeskonservatoren vil møte opp.

– Arkitektane har i aller høgste grad teke omsyn til dei innspela dei fekk på førre folkemøte, og no håper vi må minst like godt oppmøte denne gongen, på torsdag. Vi kan verte begeistra for mindre enn dette. Det vart ein svært god start på veka, seier to blide på planavdelinga, Gunnar Wangen og Matias Kårstad.