– Sambandet liknar på E39 Lavik-Oppedal (Sognefjorden), og kan ut frå dette sjå ut til å passe bra for lågutsleppsferjer, seier Håvard Austvik, seniorrådgivar i strategiseksjonen i Statens vegvesen Region midt, til Møre-Nytt.

Det er i plangrunnlaget frå transportetatane for Nasjonal transportplan 2018–2029 foreslått avgangar kvart 20. minutt og satsing på miljøteknologi på E39-ferjene langs heile kysten. Det vil kanskje krevje tre fartøy i drift på Festøya-Solavågen, som i dag har halvtimesavgangar.

– Teknologien på miljøferjer er i ei rivande utvikling. No er den første batteriferja i drift på Sognefjorden, og Fjord1 har på eige initiativ bygt om ei av ferjene på Moldefjorden til hybrid-drift, seier Austvik.

Kartlegger

Ifølge han er det mange variablar i spel i saka, og det er desse vegvesenet no jobbar med å kartlegge. Det er mange teknologiar å velje mellom, frå batteridrift i den eine enden av skalaen til vanleg dieseldrift i den andre enden.

– Vi må finne ut korleis vi kan få eit trygt og driftssikkert samband som samtidig brukar miljøvennleg teknologi. Om vi skal bruke batteriteknologi, må vi rekne på ladetida i forhold til overfartstida. Ikkje minst må vi sjå på kva som er mogleg å få bygt før kontraktperioden startar.

Med batteriferjer må også landanlegga bli oppgraderte, med ladestasjonar og framføring av nok straum til kaiene.

Dagens kontraktperiode på Festøya-Solavågen går ut ved utgangen av 2018. Arbeidet med det neste anbodet er allereie i gang i vegvesenet.

– Vi greier ut om alle ferjene kan vere elektriske, eller om vi og må nytte gass eller diesel på ei eller fleire av ferjene for å ha nok driftstryggleik i sambandet, seier Austvik.

Regjeringa avgjer

Plangrunnlaget er eit innspel til departementet frå transportetatane. Det er Stortinget som vedtek Nasjonal transportplan, men Samferdsledepartementet vedtek grunnlag for dei einskilde ferjekontraktane. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) har sjølv snakka varmt om å satse på miljøvennleg ferjeteknologi ved fleire høve.

– Riksvegferjene er viktige ledd i gode transportårar langs kysten. Regjeringa vil også legge til rette for at ferjene bidreg meir til å redusere miljøbelastninga i transportsektoren. I utarbeidinga av opplegg for nye ferjeanbod kan vi samarbeide tettare med den norske maritime kompetansen for å utvikle og ta i bruk lågutslepps- og nullutsleppsteknologi, sa han i ei pressemelding frå Samferdsledepartementet i april i fjor.