Det sa ordførar Stein Aam (Sp) til kommunestyret etter eit innspel frå Per Are Sørheim (H) som etterlyste meir informasjon om kva Ørsta kommune har gjort og planlegg å gjere for den vidaregåande skulen i Ørsta.

– Det har vore nemnt at det kan vere aktuelt med ein heilt ny skule på ei heilt ny tomt. Dette bør vi få ei god utgreiing på. Også dette med innspel om tomtealternativ som administrasjonen har kome med, men som ikkje har vore politisk handsama, kommenterte Sørheim, og viste til at det har vore snakk om å kombinere ny vidaregåande skule med kulturhuset.

God innsats

Stein Aam svarar at alle parti i Ørsta har gjort ein god innsats for å prøve å få fylkespolitikarane til å vedta bygging av ny skule i Ørsta, men at det kan sjå ut som om slaget er tapt, i denne omgang.

– Ålesund har reist med kaka denne gongen, det er det berre å slå fast. Vi måtte gripe sjansen og sjå om vi kunne nå fram, og i denne saka har Ørsta markert seg på kartet. Det må vi gjere også i framtida, skal vi får vår rettmessige del av kaka.

Aam var open for at dei kan få ei politisk vurdering av alle politiske innspel som har vore i saka, og bad administrasjonen om å ordne dette.

Ola Perry Saure (Sp) rosa ordføraren for innsatsen.

– Saman med andre som har stilt opp har det vorte jobba veldig bra. Det har kanskje vore ein litt tapt kamp, men det er viktig å ta tak i saker for å få gjennomslag.

Hans Olav Myklebust (Frp):

– No kjem truleg ikkje ny vidaregåande skule i Ørsta med på prioriteringslista til fylket, men dette er ei liste. Den viktigaste kampen er i samband med budsjett og økonomiplan. Det er viktig at vi er aktive opp mot fylkeskommunen og spelar godt opp mot politikarane i fylket. Eg vil berømme det arbeidet som er gjort. Det er viktig med dialog for å få ting til. Det er nye opplysningar i saka, og då må dette få tid til å feste seg, både på fylket, men også her i Ørsta. Ingen slag er tapte.

Jostein O. Mo (Ap):

– Vi har ikkje tapt eller øydelagt noko i denne saka. All erfaring viser at den som kjem med noko nytt og som løftar saka fleire gonger, det er dei som lykkast.

Gunnar Knutsen (V):

– No må vi samle alle tankane og ha eit felles utgangspunkt og eit felles mål.

Rådmannen vil lage ei strategisak for det vidare arbeidet.