Det sa Frida Gillberg (MDG) i kommunestyret torsdag. Også Anbjørn Steinholm Frislid frå Frp slo eit slag for miljøet.

– 3–5 tonn bildekk forsvinn ut i naturen kvart år. Og dette er berre frå éi bane. Denne gummien får fisk og dyr i seg, og det har konsekvensar også for menneska. Fleire andre kommunar tek dette på alvor. Også Ørsta bør gå føre som eit godt eksempel, sa han.

Frida Gillberg sende innspelet sitt inn som eit oversendingsvedtak til handsaming i levekårsutvalet.

– Og dersom det ikkje er mogeleg å lage/etterfylle ei kunstgrasbane utan å nytte biologisk nedbrytbart materiale, må vi stille krav om at materialet skal vere resirkulerbart og at spreiingstiltak vert utført i samarbeid med Ørsta kommune sin miljøvernkonsulent for å gi kausjon til lån, sa ho.

Kvar kunstgrasbane inneheld rundt 100 tonn gummigranulat, og må etterfyllast med om lag 10 tonn kvart år grunna snørydding, avrenning og fordi det festar seg til sko og klede.

– For å minke spreiinga kan vi lage sikring rundt banene og ha rutinar for dei som nyttar bana, sa Gillberg.

Det var brei oppslutnad i kommunestyret om å få innspela til Gillberg og Frislid tilbake som politisk sak.

– Vi treng folk som minner oss om desse tinga, helsa Rune Hovde (H).

– Vi må tenke miljøvennleg på alle anlegg der barn og unge er. Vi må ha eit framtidig ønske om at våre arenaer skal vere så miljøvennlege som vi kan få til, sa Tove Halse Digernes (Sp).

Gunnar Knutsen (V) meiner dette også bør vere eit punkt i kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet, som ei føring for framtidige planar.