Fleire personar blir melde for vald mot politiet eller for å ha hindra politiet i å gjere jobben sin etter ein episode i Volda natt til søndag.

Ambulansen rykte ut til ei melding om at ein person var slått ned og var bevisstlaust i Volda, melder smp.no. Personen hadde vakna då ambulansen kom til staden, og slo seg vrang mot ambulansepersonellet. Dei tilkalte politiet. Han heldt fram den aggressive åtferda då politiet kom til staden. Fleire personar kom til staden og forsøkte å hindre politiet å gjere jobben sin.

Den aggressive mannen vart pågripen, medan fleire andre blir melde til politiet etter episoden.

Andre episodar natt til søndag:

Ei kvinne vart meld for drikking på offentleg stad i Volda.

Det vart gjennomført ein trafikkontroll i Vikebygdvegen. Ingen reaksjonar.

Ein mann i 40-åra vart bortvist frå Volda sentrum for utagerande åtferd på ein utestad.