Ordførar Stein Aam hyllar sparebanken for innsatsen med å utvikle Ørsta sentrum. Difor hadde ordføraren, rådmannen og teknisk sjef med seg marsipankake då kommuneleiinga torsdag ville gjere stas på banken i det flotte, nye lokalet deira i gågata.

Og no handla det om fjerning av Øyehaug-huset og etablering av ny parkeringsplass på denne tomta, eit prosjekt som er finansiert av den lokale sparebanken.

Kommunen har gitt mellombels dispensasjon frå arealføremålet, slik at det no er lagt til rette for kring tretti parkeringsplassar på tomta. Resultatet er ikkje berre betre parkeringsforhold. Området der Øyehaug-huset stod har også vorte opnare, og mange rosar det som er gjort.

– Gjennom positivt samarbeid og støtteordningar har sparebanken alltid vore ein positiv medspelar, seier ordførar Stein Aam.

Adm. banksjef i sparebanken, Hallvard Bjørneset, rosar kommunens initiativ til å realisere riving og parkeringsplass.

– Dette er veldig prisverdig av kommunen. Eg er oppteken av utvikling og ikkje avvikling. For det er utvikling ein må ivre mot for at bygdebyane ikkje skal tape. Dette er banken med på. No er det kjekkare å reise på handel i Ørsta for oss som bur på bygda, seier Bjørneset.

Ordførar Aam ser føre seg meir banksamarbeid, og knyter stor spenning til Amfi-senteret sine planar om å utvide kjøpesenteret. Aam ser føre seg bygging av ein parkeringskjellar i dette området, noko Amfi vil vurdere.

Også rådmann Wenche Solheim rosar sparebanken.

– Kommunen og banken har hatt eit ypparleg samarbeid, og no ser Øyehaug-området mykje finare ut etter ein prosess med ein vinn-vinn-situasjon. Det skjer mykje positivt i sentrum no, noko vi også kan takke Europan for, og og Lars Oscar Fossen, seier Solheim.

– Satsinga i sentrum er sjølvsagt svært positiv. No er det viktig å spørje oss sjølve korleis vi klarar å skape attraksjonar, og kva ein i Ørsta vil gjere i høve dette, seier teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot.

Rådmannen meiner ei betre marknadsføring av Ivar Aasen i gågata kan vere ein ide.