– Vi kan førebels ikkje sjå vekk frå at det blir aktuelt med tvangssamanslåing av Ørsta og Volda. Tidlegare trudde eg ikkje det, men signala frå regjeringa dei siste dagane har gjort meg meir usikker. Vi veit heller ikkje kva fylkesmannen meiner, sidan han ikkje vil gi kommentarar, seier Ola Perry Saure, som bur i Skjåstaddalen og er gruppeleiar for Senterpartiet i Ørsta kommunestyre.

Grendalag vil vurdere byte

Det er grendalaget på Bjørke som har lufta tankane om å føre Bjørke (med Viddal, Leira, Skjåstaddalen, osb.) over til Volda kommune etter at ei samanslåing av Ørsta og Volda vart røysta ned av folket.

Røystestyret på Bjørke har også protestert mot at røystetala for Bjørke i folkerøystinga ikkje vart rapportert av Ørsta kommune, av omsyn til personvernet. Som Møre-Nytt skreiv torsdag, meiner dei at synspunkta til folket på Bjørke ikkje kjem fram i resultata Ørsta kommune har lagt fram.

– Eg synest dei blandar korta litt her. Folkerøystinga var ei røysting om samanslåing av Ørsta og Volda. Om ei overføring av Bjørke skal bli aktuelt, må vi ha ein eigen prosess på dette, med forankring i bygda. Det kan til dømes gjere ved eit grendalagsmøte der saka blir diskutert og stemninga blir lodda, seier Saure.

Det blir uansett vanskeleg å få ut tala for Bjørke krins. Rådmann Wenche Solheim opplyser til Møre-Nytt at røystene vart blanda saman med røystene frå Sæbø krins under teljinga. Dette er gjort på same måten som ved vanlege val.

Økonomiske konsekvensar

Saure er usikker på om grendalaget har folket med seg i framstøyten om overføring til Volda, men trur meiningane om dette er delte i bygdene inst i Hjørundfjorden. Sjølv forstår han kvifor tankane om ei overføring kjem fram, men meiner likevel at Bjørke godt kan høyre til Ørsta framleis.

– Eg trur ikkje skilnaden blir så stor for folk, og fordelar og ulemper har du i begge samanhengar. I dag samarbeider vi med Volda om skule, og med Volda og Hornindal om brannvesen. Om den inste delen av Hjørundfjorden skal høyre til Volda, må kanskje kommunane innleie nye samarbeid om beredskapsbåt og turisme, seier Saure. Ei eventuell overføring vil likevel få økonomiske konsekvensar for kommunane.

I dag har Ørsta kommune inntekter på Bjørke i form av konsesjonsavgifter på kraftverk, sal av konsesjonskraft og eigedomsskatt på Tussa sine anlegg. Inntektene varierer frå år til år, men Saure anslår at det er snakk om 5–10 mill. kr årleg.

– Økonomisk vil Ørsta kommune merke dette, seier Saure.

Han ønskjer å sjå ei avklaring både om ei eventuell tvangssamanslåing av Volda og Ørsta og i samanslåingsprosessen mellom Volda, Stryn og Hornindal før ein eventuell prosess med overføring av Bjørke startar.

– Då veit vi meir, og har eit betre grunnlag for å ta ei avgjerd.

<strong>Vil vente med prosess om overføringar av Bjørke:</strong> Ola Perry Saure, som bur i Skjåstaddalen og er gruppeleiar i Ørsta Sp, ønskjer å sjå ei avklaring både om ei eventuell tvangssamanslåing av Volda og Ørsta og i samanslåingsprosessen mellom Volda, Stryn og Hornindal før ein eventuell prosess med overføring av Bjørke startar.