Fugro Oceanor skal levere komplette oseanografiske målingar, vindmålingar og lidarmålingar i Vartdalsfjorden, Sulafjorden og Halsafjorden. Det opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

Målingane vil gi grunnlagsdata for å kunne dimensjonere bruene over dei tre fjordane, som er del av ein framtidig ferjefri E39. På land skal det bli plassert fleire vindmaster med ei høgde på 80–100 meter. I fjordane skal det bli plassert bøyer for målingar av bølger i overflata, indre bølger, straum, vind, temperatur, nedbør, luftfukt og salinitet (saltinnhald).

- Dette er eit teknologisprang! Vi skal måle vindfeltet over fjordane med lidar-teknologi. Det er ein ny målemetode for å måle vindstyrken i lufta over fjordane med laserteknologi. Dette vil gi oss informasjon om vindkreftene på køyrebanen mellom brutårna, fortel prosjekteringsleiar Magne Gausen i pressemeldinga.

Til no har det berre vorte utført teoretiske analysar av vêrtilhøva i fjordane. Målingane som startar i haust vil gi meir nøyaktige informasjon om klimaet bruene skal stå i.