Det kjem fram i ein uttale frå regionrådet i samband med at Ørsta-meieriet står i fare for å verte avvikla.

– Vi er kjende med at Tine Meieriet legg opp til å redusere talet på meieri i Noreg. Det krev at dei som vert igjen vert strategisk lokalisert. Ørsta-meieriet er med si plassering på Søre Sunnmøre ved E39 eit sentralt logisk knutepunkt mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane i høve til både produsent, konsument og foredling. Her er god standard på vegnett, og lokal flyplass med seks daglege avgangar til Oslo og Bergen, seier styreleiar Anders Riise og dagleg leiar Jan Kåre Aurdal i eit brev til Tine.

Kompetanse

Dei peikar på at Ørsta-meieriet særleg dei siste 25 åra har vist framifrå kompetanse og omstillingsevne til stadig å vere i forkant av utviklinga for nye og betre produkt.

– Fakta er at meieriet ligg i eit sterkt og tradisjonsrikt geitemiljø, seier Riise og Aurdal.

Regionrådet peikar også på at Ørsta-meieriet har vist stor velvilje til nytenking og fleksibilitet ved produksjonslina ved anlegget.

– Dei har gode ekspederingsmoglegheiter framover. God tilgang til kompetanse i arbeidskraft i ein arbeidsmarknad på 70.000 innbyggjarar, der Ørsta-meieriet ligg sentralt i regionen for logistikk inn mot både råvareproduksjon, foredling, distriktsnett og konsumentar, seier rådet.

Fagmiljøet for geit vert også trekt fram som positivt for å halde oppe meieriet.

Viktig arbeid

– Fagmiljøet innan geitehald på Sunnmøre har stilt opp med kompetanse i dette viktige arbeidet for produksjon av geitost. Det vil dei framleis gjere. Det viktige samarbeidet og kompetanseutvekslinga mellom bøndene på Sunnmøre, Tine sentralt og Ørsta-meieriet har vore grunnleggjande for den kvaliteten geitosten i noreg har, seier Riise og Aurdal.

No oppmodar Sunnmøre Regionråd Tine sentralt til på det sterkaste å satse på meieriet i Ørsta.

– Anlegget er innovativt i drifta si, og satsar vidare på utvikling av opparbeidd kompetanse og konkurransekraft med ressursar i ein framtidsretta, berekraftig arbeidsmarknadsregion, seier dei i brevet til Tine.