Det spør Gunnar Strøm (SV) om i eit grunngjeve spørsmål til ordførar Jørgen Amdam (Ap) i Volda.

– Små plastbitar (som oftast laga av gamle bildekk) forsvinn frå banen og ut i naturen. Naturvernforbundet har meldt frå om at plastbitar frå kunstgrasbanen på Rotset har blitt ploga ut i Øyraelva ved snømoking. Mikroplast i havet er ein miljøtrussel så vel for dyra som lever der som for menneske. Mikroplast bind til seg giftstoff som allereie finst i havet, og desse vert frigjort inne i dyr som trur plastbitane er mat. Dette får menneska i seg når dei et mat frå havet, skriv Strøm.Han foreslår at eit tiltak kan vere å sikre områda rundt banene betre, eller at snømoking og anna vedlikehald kan skje på ein måte som ikkje skyv gummikulene ut frå banen.

Amdam svarar at han ventar at Nasjonalt folkehelseinstitutt vil ta opp dette for å få oversikt over situasjonen og kome med ei oppmoding til idrettslag og kommunar om miljørisiko og tiltak.

– Ordføraren vil ta opp problemstillinga med VTI fotballgruppa og teknisk sektor i kommunen for å vurdere risikoen knytt til anlegga i Volda, og eventuelt kva tiltak som kan gjerast for å førebyggje mot miljøforureining, svarar han.