Vêrvarslinga har sendt ut OBS-varsel for store delar av Vestlandet for laurdag.

Då kan nemleg bli ein pause i godvêret. Eit lågtrykk er på veg frå Sverige, og det kan gi lokalt kraftige regnbyger laurdag ettermiddag kan hende med torden. Enkelte stader kan det kome 10-20 mm nedbør på kort tid.

Det er fare for lokal flaum, små jordskred og jordskred der bygene treffer.

Regnvêret er venta å bli kortvarig og lokalt, men kraftig. Det er venta endå kraftigare regn i Sogn og Fjordane og Hordaland.