Forhandlingsutvalet skal ta kontakt med Sogn og Fjordane, trøndelagsfylka og Oppland. Etter avklaringsrunden blir det avgjort om det er grunnlag for å gå vidare til reelle samtalar om regionreforma med nabofylket.

Den politiske leiinga i fylkeskommunen har vore skeptisk til regionreform, og fylkesordførar Jon Aasen (Ap) held fast på at dei ønskjer at Møre og Romsdal skal halde fram som eige fylke.

Samtidig har fylka sør for oss, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, kome mykje lenger i samtalane om reforma.

Ordførarane i Ørsta og Volda er klare på at dei vil sjå sørover dersom Møre og Romsdal ikkje får halde fram som eige fylke.