Politiet melde om brann i eit hus i Follestaddalen i Ørsta fredag kveld. Huset er ein einebustad, men ifølgje politiet er det ingen som bur der. Det skal ikkje ha vore folk inne i huset.

Alle naudetatane rykte ut til staden.

Like før klokka 19 melde politiet at huset er overtent, men at brannvesenet har kontroll på flammane. Det er ikkje fare for spreiing, skriv politiet på Twitter.

Har du bilde eller informasjon frå staden? Send gjerne til redaksjon@morenytt.no/481 25 272.