Ein mann frå Søre Sunnmøre hamna i retten etter å ha sendt inn ei bekymringsmelding til Luftfartstilsynet om ein pilot.

Saka var oppe i Søre Sunnmøre tingrett tidlegare denne månaden. Piloten hadde vore i eit forhold med systera til den tiltalte mannen. Forholdet tok slutt. Kvinna tok kontakt med bror sin etter at ho opplevde at piloten oppførte seg ubehageleg overfor henne.

Etter kommunikasjon mellom piloten og tiltalte, valte tiltalte å ta kontakt med Luftfartstilsynet med ei bekymringsmelding. Meldinga vart registrert, men vart oppfatta som mild og ikkje gjort noko konkret med overfor piloten. På ein rutinekontroll seks månader etter at meldinga kom inn vart meldinga kjent for piloten.

Han meinte då at tiltalte hadde ærekrenka han. I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen frifunnen for ærekrenking, og piloten må erstatte sakskostnadane til mannen.