Det var på landbruksnemnda sitt møte tidlegare i vår at Vatne tok opp saka.

– Eg undrar meg over at vi har ei leiarstilling for det felles landbrukskontoret for Ørsta og Volda som er ei seksti prosent stilling. Eg ynskjer å vite meir om korleis dette fungerer, sa Vatne.

Leiar i landbruksnemnda, Ola Perry Saure (Sp) takka Vatne for initiativet.

– Bondelaget har også teke opp dette, for dei ynskjer eit sterkare fokus på landbrukssakene i Ørsta. Det er likevel rådmannen som styrer organiseringa. Vi som politikarar har avgrensa mynde. Vi kan oppmode om at vert sett søkjelys på dette, sa Saure.

I dag er ordninga at Liv Bente Viddal er seksjonsleiar for landbruket i Ørsta og Volda i seksti prosent stilling. I tillegg er ho seksjonsleiar for kultur i ei førti prosent stilling.

Sigve Aklestad (KrF) ynskte å vite meir om stillingsinstruksen, og spurde Viddal direkte korleis ho opplever det å handtere to leiarstillingar.

– Det vil eg ikkje seie for mykje om, for min kanal er mot rådmannen. Eg er seksti prosent landbrukssjef, og kan nok føle at er for lite både her og der, men det gjeld ikkje berre meg, sa Viddal.

Anne Sølvi Vatne Bjørdal (H) undra seg også over den delte stillinga.

– Det er vanskeleg å få tak i den kombinerte landbruks- og kultursjefen, sa ho.

Idar Vatne, som tok opp saka, ynskte eigentleg å fremje ein resolusjon om eit ynske om landbrukssjef i 100 prosent stilling.

– Mitt ynske er at vi har ein landbrukssjef som berre er landbrukssjef, og ein kultursjef som berre er kultursjef, sa Vatne.

Ola Perry Saure runden av debatten med at han lova å kome tilbake til saka på eit seinare møte.

Til den drøftinga ynskjer Sigve Aklestad å ha med ein debatt om landbruksnemdna si rolle.

– Skal vi bere vere ei lenging av den statlege forkjøpsretten, eller skal vi tenkje større. Vi skal også syte for folk på bygdene, og vere meir aktive pådrivarar. På eit tidspunkt ynskjer eg at vi også drøftar rolla vår, sa Aklestad.