Godvêret trefte Ørsta og Volda for alvor onsdag torsdag. Fredag er det venta høgare temperaturar, og termometeret kryp opp mot 20 grader i innlandet av Møre og Romsdal, heiter det i varselet frå Vêrvarslinga på Vestlandet.

Dei høge temperaturane er venta å vare så lenge langtidsvarselet rekk, altså minst til laurdag 4. juni.  Temperaturvarselet blir likevel meir usikkert så langt fram i tid, og skydekket vil variere ein del.

– Eit høgtrykk frå vest er i ferd med å bygge seg opp over Nord-Skandinavia. Det vil gradvis gi betydeleg høgare temperaturar. Etter kvart vil dette høgtrykket bbli svekka, men i midten av neste veke er det nytt høytrykk på veg inn fra vest, seier statsmeteorolog Bjart Eriksen til yr.no

Ifølge han er det uvanleg med høgtrykk frå vest. Det er vanlegvis lågtrykka som kjem frå den kanten.