Magnus Myrene Stokke er ein av dei, og han er glad han fekk lærlingplass i Tussa Installasjon. Med trongare tider for mange av verksemdene i området, kan det vere tøft for unge å få seg lærlingplass. Det skriv Tussa på sin eigen nettstad.

– Vi tek inn lærlingar både fordi det er eit samfunnsansvar og fordi det tilfører nye krefter til bedrifta vår. Læretida er ein viktig del av utdanningsløpet for ein elektrikar. Då må vi vere med og støtte opp. Med lærlingane følgjer også oppdatering i læreplanar og utvikling i faget, noko vi haustar god nytte av på mange måtar, seier Jo Stian Tverberg, adm. direktør i Tussa Installasjon.

Søkjartala til Tussa Installasjon viser at det var rekordmange som ønskte lærlingplass i år. Seks ungdommar har fått positivt svar og vil starte opp om kort tid. Då vil 2za1 av dei rundt 90 tilsette i selskapet vere lærlingar.

– Vi har høg aktivitet og mange nye prosjekt, og forventar høg aktivitet også i tida framover. Difor har vi moglegheit til å ta i mot mange lærlingar, seier Tverberg til eigen nettstad.