Det skal gjere det mogleg å skilje rømt fisk frå villaks, og å spore den rømte fisken til rett oppdrettar raskt, skriv organisasjonen Norske lakseelver i ei pressemelding.

Det eksisterer allereie eit beskyttelsesregime for nasjonale vassdrag og nasjonale laksefjordar i dag. Norske lakseelver meiner dette ikkje blir handheva godt nok, og at det må bli forsterka i 2017. Ifølgje organisasjonen har samtlige medlemsbedrifter i oppdrettarorganisasjonen Sjømat Norge forplikta seg til merking av laks gjennom eit miljøløfte frå 2011.

- Når forpliktelsane frå oppdrettarane ikkje er oppfylt fem år seinare, er det på høg tid at eit påpod erstattar løfta, skriv Norske lakseelevar i pressemeldinga. Landsmøtet vart halde i Drammen måndag. Ragnhild Brennslett frå Rana vart valt til ny leiar i organisasjonen. Ho tek over etter Nils Pettersen frå Lakselv. Vidar Børretzen frå Etne vart valt til ny nestleiar.

Bondalen elveeigarlag er medlem i Norske lakseelver, som det einaste i Ørsta og Volda kommunar. Hareid elveeigarlag er også medlem.