– Arbeidet vl ta opptil to veker før alt er jamna med jorda og køyrt vekk, fortel anleggsleiar Øystein Åmelfot i Volda Maskin.

Siste tida har det vore drive innvendig sanering av Mørebil-Bygget. Og no startar rigginga for sjølve rivinga. I motsetnad til rivinga av Øyehaug-huset, der målinga vart skrapa av bygget og køyrt vekk, medan betongen vart sanert og planert på tomta, skal all betong frå Mørebil-bygget transporterast vekk.

– Når alt er rive, og vi har sortert ut jarn og anna, køyrer vi betongen til Rystelandet for transport med båt til Rimol Miljøpark i Trondheim. Grunna ureining er det ikkje forsvarleg å berre skrape målinga av Mørebil-bygget, difor fjernar vi all betong, i alt 550 tonn, fortel Åmelfot.

Han gjer det klart at Øyehaug-huset var eit «reinare» bygg enn Mørebil-bygget.

AF Decom, som er Nordens største rivingsentreprenør. skal stå føre rivinga, medan Volda Maskin står for graving og transport, og har ansvar for utskiping av massen.

– Arbeidet er ikkje utfordrande då vi nyttar oss av ein særs dyktig underentreprenør, seier anleggsleiar Øystein Åmelfot i Volda Maskin.

Det ligg eit ureiningspunkt i grunnen ved Vikeelva, tett ved Mørebil-bygget. Her skal byggherren gjere ei vurdering av kva som skal gjerast i samråd med partane sine.

<strong>Mørebil-bygget:</strong> 550 tonn betong skal fjernast når rivinga av Mørebil-bygget no startar.$RETURN$$RETURN$