OPPDATERING ONSDAG KVELD: Geir Toskedal meiner oppslaget i Nationen er feil vinkla, og at han misforstått spørsmålet frå avisa. Ifølge NTB vil han be Nationen om eit dementi om saka.

– Tvang er for KrF like utenkeleg som det har vore heile tida. Det er klart at dette er ei frivillig reform. Viss Stortinget skal bruke slike verktøy her så må det vere veldig openberre og gode grunnar, og det vil vi sjå nøye på før vi vurderer, seier Toskedal til Nationen.

Den opphavlege Møre-Nytt-saka følger under.

KrF vil gi regjeringa støtte for omfattande bruk av tvang i kommunereforma. Det skriv Nationen onsdag.

- Det er ikkje noko ønske om å bruke tvang, men vi er forplikta til å ta ei avgjerd som gir ei god reform, seier Geir Toskedal, som sit i kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget for KrF.

Det er usemje om korleis Stortinget sitt vedtak om å opne for tvang i spesielle samanhengar skal tolkast. KrF opnar for ei vid tolking og bruk av tvang i meir utstrekt grad.

Det andre støttepartiet til regjeringa, Venstre, er langt meir avvisande til bruk av tvang, og André Skjelstad seier til Nationen at han ikkje ønsker utstrekt bruk av tvang. Opposisjonspartia avviser også utstrekt tvang.

Regjeringa har likevel høve til å få fleirtal for bruk av tvang med støtte frå berre KrF.