Det skriv røystestyret i Bjørke krins i ein uttale til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Røystestyret reagerer på at Ørsta kommune har slått saman resultatet for Sæbø og Bjørke krinsar i oppteljinga av resultatet frå folkerøystinga om kommunesamanslåing i førre veke.

– Dette førte til at valresultatet for Bjørke krins ikkje samsvarar med det faktiske resultatet i krinsen. Vi meiner det strir mot lokaldemokratiet og mot føremålet med røystinga. Ørsta kommune har slik vi ser det ikkje oppfylt informasjonsplikta si, skriv leiar Jarle Myklebust og nestleiar Cecilie Rørstad i brevet til fylkesmannen.

Bjørke grendalag har vore pådrivarar for å vurdere ein overgang til Volda for Bjørke, og nemnde Rørstad er leiar i grendalaget. Med referanse til forsøket på å melde Storbritannia ut av EU - Brexit - kan vi ta i bruk nemninga  «Bjørkxit». Folk frå Bjørke må i dag køyre gjennom heile Volda kommune for å kome til Ørsta.

Vil ha fram tala

Røystestyret meiner det vil svekke prosessen om kommunesamanslåing vidare og føre til at innbyggarane på Bjørke og deira standpunkt ikkje kjem fram.

– Vi reagerer på at resultatet frå Bjørke krins isolert sett ikkje er offentleggjort. Valresultatet for Ørsta kommune vart heilt eintydig mot samanslåing. I denne framstillinga kjem ikkje resultatet frå Bjørke krins tydeleg fram. Røystestyret for Bjørke krins har fått spørsmål om kvifor Bjørke og Sæbø krinsar var slått saman til ein valkrins under oppteljinga.

– Var ikkje orientert

Det er omsynet til personvernet til veljarane på Bjørke som gjer at Ørsta kommune har valt å slå saman krinsane.

– I Bjørke krins var det ved valet 113 røysteføre. I avstemminga var det berre to alternativ og vi forstår difor ikkje at det skal vere omsynet til personvernet som er årsaka til avgjerda til Ørsta kommune om å slå saman krinsane. Røystestyret vart ikkje gjort kjent med at krinsane Bjørke og Sæbø skulle slåast saman i teljinga og offentleggjeringa av resultata under informasjonsmøtet i forkant av røystinga. Det vart på dette møtet orientert om at vallova ikkje gjeld i folkerøystinga, men at praksis og rutinar i lova likevel skulle bli følgt i valet.

Røystestyret i krinsen oppmodar fylkesmannen om å avklare saka, og å offentleggjere resultatet for Bjørke krins.