Etter ein lang debatt og utgreiing frå administrasjonen, sa fylkesutvalet (fylkeskommunen sitt formannskap) tysdag nei til å prioritere nybygg for Ørsta vidaregåande skule i den nye investeringsplanen for dei vidaregåande skulebygga i Møre og Romsdal.

I staden for nybygg til om lag 350 millionar kroner, vil dei prioritere 23 millionar kroner til vedlikehald som skal lenge levetida til dagens Ørsta vgs.

Ørsta mot Ålesund

Dei fleste av prosjekta på investeringsplanen var alle samde om. Den store kampen stod mellom nybygg i Ørsta og ny Ålesund vgs. på sørsida av Ålesund sentrum.

Averøyingen Steinar Reiten (KrF) har vore ein viktig mann for Ørsta i prosessen med investeringsplanen. Han fremja forslag om å prioritere Ørsta i utdanningsutvalet, men vart stemt ned. I fylkesutvalet møtte Arild Iversen (same parti) frå Volda som vara for Reiten.  Iversen fremja også forslag om å prioritere Ørsta, men var langt unna å få fleirtal.

Ifølge Iversen var det to forhold som gjorde at fleirtalet gjekk for å prioritere sørsida, slik administrasjonen tilrådde.

- Det eine var at dei ikkje ville overprøve dei faglege prioriteringane til administrasjonen. For det andre hadde samtlege parti besøk av ein delegasjon frå Ørsta måndag. Dei presenterte eit nytt konsept, nemleg å samle vidaregåande skule, fleirbrukshall og kulturhus i Ørsta i ein campus, knytt opp til sentrumsutviklingsprosjektet i Ørsta. Dette vart også presentert av administrasjonen under møtet, men det var dessverre ikkje omtalt i saksutgreiinga. Eg trur mange oppfatta at Ørsta brått presenterte eit nytt prosjekt, seier Iversen.

Det var berre han sjølv og Kristin Sørheim frå Senterpartiet som røysta for å prioritere Ørsta i staden for sørsida.

- Burde administrasjonen ha teke med sentrumsutviklingsprosjektet i Ørsta i utgreiinga?

- Ja, eg meiner det. Dei har visst om dette, og samarbeider også med Ørsta kommune. Eg kritiserte også administrasjonen for dette under møtet , seier Iversen.

Då han såg at Ørsta ikkje ville få fleirtal, røysta også Iversen til slutt for forslaget frå administrasjonen. Det vart samrøystes tilrådd.

- Då hadde alle som var usamde fått gitt det til kjenne, seier han.

Dårleg bygning

Fram til no er det tilstanden på skulebygningen i Ørsta som har vore hovudargumentet i dragkampen på fylket. Steinar Reiten har argumentert både i Møre-Nytt og Sunnmørsposten med at Ørsta vgs. og Borgund vgs. må bli prioritert på grunn av den svært skrøpelege bygningsmassen. Administrasjonen er ikkje usamd i at bygningsmassen er dårleg, men finn ikkje økonomisk handlingsrom til å prioritere nybygget.

- Vår oppfatning er at Ørsta burde bli prioritert på grunn av det store behovet. Under møtet i dag argumenterte eg med at ålesundområdet er prioritert på fleire punkt i investeringsplanen, med ein ny storhall i Spjelkavik og store investeringar på Spjelkavik vgs. og Fagerlia vgs. Ålesund får i pose og sekk på kort sikt, og no blir altså også sørsida prioritert høgt. Det fører til at andre skular taper, seier Iversen.

Monica Molvær (H), fylkespoltiikar frå Ålesund, gjekk tidlegare i månaden ut i Sunnmørsposten og åtvara mot å prioritere Ørsta. Ho frykta det vil føre til ei utsetting av sørsida-utbygginga i Ålesund.

– Utbygging her vil ha ein meirverdi, knytt til sentrumsutvikling. Det er viktig at fylkeskommunen som regional utviklingsaktør prioriterer utbygginga, sa ho til Sunnmørsposten.

Administrasjonen meiner at slik prosjektet står no, er det for tidleg å prioritere det. Den nye informasjonen om å bygge skulen i Ørsta saman med fleirbrukshall og kulturhus kan ha påverka politikarane.

- Nye planar og innspel fører ofte til at ting blir sett på vent, sjølv om dei er betre enn dei opphavlege planane. Fleire meinte også at resultatet av å prioritere Ørsta vil bli ein auke i dei totale investeringsrammene. Det var det motstand mot, fordi investeringsnivået i fylkeskommunen allereie er høgt, seier Iversen.

- Unner Ørsta ny skule

Iversen vil ikkje kritisere delegasjonen frå Ørsta kommune for å ha presentert planane om å knyte skulen til sentrumsutvikling, sjølv om dette verkar å ha teke fleire i fylkesutvalet på senga.

- Ørsta kommune skal ha skryt for å ha møtt opp, og fordi dei ser etter optimale løysingar for skulen. Eg unner Ørsta ein ny vidaregåande skule. Volda vgs. fekk ei fin oppgradering for nokre år sidan. Eg har heile tida meint, både på kommunalt og fylkeskommunalt nivå, at Ørsta no står for tur. Det er viktig at dei to kommunane har jamngode tilbod på studiespesialiserande fag (Volda vgs. ) og yrkesfag (Ørsta vgs.).

Det er fylkestinget som tek den endelege avgjerda i saka i juni. Iversen trur det blir vanskeleg å få fleirtal for Ørsta vgs. der. No har administrasjonen, utdanningsutvalet og fylkesutvalet gått inn for å nedprioritere nybygg ved Ørsta vgs.

- Viss dette skal snu i fylkestinget, trur eg det må bli tilført ny og vesentleg administrasjon. Vi skal diskutere dette i partigruppa vår før fylkestinget, seier Arild Iversen.

Argumenterte for Ørsta: Arild Iversen (KrF) møtte som vara i fylkesutvalet.