NAV-kontoret for Ørsta og Volda får jamt over gode tilbakemeldingar frå brukarane.

Resultat av brukarundersøking hausten 2015 viser at våre brukarar er godt nøgde med sitt lokale NAV-kontor. NAV Ørsta/Volda er mellom dei kontora som kjem best ut i fylket, kontoret har også hatt framgang frå 2014 til 2015. Brukarane gir kontoret ein samla score på 5 av 6 mogelege «poeng», skriv Ørsta kommune på nettstaden sin.

Føremålet med lokale brukarundersøkingar er å gi brukarane høve til å gi tilbakemelding om NAV-kontoret og å få informasjon som vert nytta i den vidare utviklinga av kontoret. Materialet vert også nytta i direktoratet til resultatoppfølging og analysar.

Hausten 2015 vart undersøkinga gjennomført i 13 fylke, i perioden 2.-20. november. Undersøkinga vart svart på av brukarane på publikums-pc på NAV-kontoret.

Folk kunne svare på undersøkinga på fleire bokmål, nynorsk og fleire andre språk.