– Dette blir veldig spennande, sa ordførar Stein Aam (Sp) i Ørsta på telefonen frå Molde-ferja måndag føremiddag.

Han var då på veg til fylkeshovudstaden for argumentere for at fylkesutvalet (formannskapet i fylkeskommunen) tilrår å prioritere nybygg ved Ørsta vidaregåande skule. Med seg hadde han Jostein O. Mo frå Arbeidarpartiet og Odd Magne Vinjevoll frå Framstegspartiet og Ørsta næringskontor.

Det er investeringsplanen for dei vidaregåande skulane i fylket som skal handsamast i fylkesutvalet i dag. Denne legg løpet for kva skulebygg som skal få pengar framover, og kva tid.

Ørsta mot Ålesund

Den største kampen står mellom Ørsta vgs. og Ålesund vgs. I Ålesund ønskjer dei ny vidaregåande skule på sørsida av sentrum (ved Hotel Waterfront). Monica Molvær, Høgre-politikar frå Ålesund, har tidlegare gått ut i Sunnmørsposten og åtvara mot å prioritere Ørsta før Ålesund.

Ho meiner Ålesund vgs. er viktig for sentrumsutviklinga i Ålesund, og er kritisk til at prioritering av Ørsta vil auke ramma i investeringsplanen mykje i forhold til fylkesrådmannen sitt forslag. Fylkesrådmannen foreslår i gi Ørsta 23 mill. til vedlikehald, men ikkje prioritere nybygg til 350 mill.

Steinar Reiten, medlem i fylkesutvalet frå KrF, vil prioritere Ørsta først.

– Ungdomen er vår viktigaste ressurs, og det å gi ungdom eit så dårleg tilbod infrastrukturmessig, som dei har i dag i Ørsta, det vil eg samanlikne med ei bru eller ein tunnel som er i ferd med å verte trafikkfarleg. Dette hastar. Det som ikkje hastar like mykje kan vente, sa han til Møre-Nytt tidlegare i månaden.

Om vi ser vekk frå Ålesund vgs., har Ålesund fått gjennomslag for nybygg ved både Spjelkavik, Fagerlia og Borgund høgt oppe på prioriteringslista.

Gruppemøte

Måndag vart det gjennomført gruppemøte i alle partia før handsaminga i dag.

– Eg føler meg trygg på at det er Frp og Ap som blir avgjerande her. Senterpartiet og KrF vil gå for Ørsta, medan Høgre står på Ålesund si side. I Arbeidarpartiet er Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal ei sterk røyst for sørsida, men vi har god kontakt med fylkesordførar Jon Aasen, og har vorte lovt innpass på gruppemøta, sa Stein Aam før gruppemøtet.

Fleirtalskoalisjonen i fylkespolitikken består av Ap, Sp, Venstre, Nordmørslista, MDG og Uavhengig liste for Sunnmøre. Det er håp om at fleirtalspartia går for Ørsta. Tilrådinga til fylkesutvalet går vidare til fylkestinget i juni, men det ligg an til at eit fleirtal i fylkesutvalet vil stå seg til fylkestingsete.

– I politikken er det likevel ingen garantiar, seier Aam.

Det har vorte drive lobbyverksemd av ordføraren og andre for Ørsta vgs. over ein lengre periode, ikkje minst gjennom sist helg.

– Dette er ei sak eg verkeleg brenn for å få gjennomslag for, seier Stein Aam.

Følg saka på morenytt.no tysdag.