Det seier tindeleiarar på Sunnmøre i eit brev til Ørsta kommune i samband med prosjektet Hjørundfjordegga – og tilrettelegging for alpine toppturar. Tindeleiarane er begeistra for prosjektet.

– Den urørte alpine delen av fjella i Sunnmørsalpane er ei unik grøn merkevare som mange tilreisande vil setje større og større pris på. Då andre reisemål får stadig mindre av dette turoppleving- og meistringsaspektet. Dette viser erfaringar til tindeleiarar over heile landet: det kjem stadig fleire utlendingar til Noreg, nettopp fordi heimlanda deira er tilrettelagde i hytt og ver, og dei har ønske om å oppleve urørt natur, seier Christer Lundberg Nes på vegner av tindeleiarane.

Brevet til kommunen er også skrive under av Ola Einang, Stig Løland, Kjetil Leknes og Sverre Hjelmeland, alle tindeleiarar.

Tilrettelagde

Dei meiner at det viktigaste turoppleving- og meistringsaspektet i tindeområda er at dei ikkje er tilrettelagde.

– Lengre tid i eksponert terreng fører til utfordringar i mentalt uthald og aukar sjansen for fatale, personlege feil, eller at det vert mørkt med dei utfordringar det fører med seg. Har ein pakka med seg hovudlykt? Og klarer ein å finne returen og ta gode vegval i eit bratt og krevjande terreng i lyset av hovudlykta? Dette er forhold ein må ha kjennskap til før ein får erfaring og sjølvinnsikt nok til å kunne vurdere tur etter evne. Ein marknadsført og tilrettelagt egg vil ikkje fjerne desse faktorane, men dessverre heller vere med på å senke terskelen og sjølvinnsikta for å gå ein slik tur, seier Lundberg Nes.

Tindeleiarane peikar på at svært mange redningsaksjonar og ulykker i Noreg kjem i dag av manglande sjølvinnsikt og press og ønske om å prestere på marknadsførte turmål.

– I tilrettelegginga av «Hjørundfjordegga» nemner dei at kjetting kan nyttast som sikring med klatresele og slynge. Dette er berre delvis sant. Personar utan klatrebakgrunn kan starte å sikre seg i ein statisk sikringskjede og ikkje ein dynamisk, seier tindeleiarane.

<strong>Christer Lundberg Nes:</strong> – Det viktigaste turoppleving- og meistringsaspektet i tindeområda er at dei ikkje er tilrettelagde.