Etter at dei nye bussane kom på plass både på ekspressruter og lokalruter tidlegare i år, har sjåførane hatt problem med å halde rutene fordi bussane har gått for seint i motbakkar.

Nettbuss og Volvo tok etter klagene til følgje, og starta arbeidet med å oppgradere motorane. No seier Trygve Strand hos Nettbuss til Sunnmørsposten at dei snart er i mål med denne jobben.

Bussane som går i ekspressruter vart prioritert først. No er lokalbussane inne til oppgraderingar. Nettbuss reknar med arbeidet er ferdig i løpet av mai.

– Volvo hadde visst ikkje gjort det før. Det har gått på skinner når dei først fann ut kva dei skulle gjere, seier Strand til avisa.

Oppgraderinga skal gi bussane eit 17 prosent høgare dreiemoment. Men det er også ein negativ konsekvens: Dei oppgraderte bussane kan nemleg ikkje gå på biodiesel. Dermed blir det berre vanleg, fossilt brennstoff på bussane i fylket framover.

Ifølgje Nettbuss tyder tilbakemeldingane frå sjåførane på at dei er nøgde med oppgraderinga.