Årsaka til at Swerec AB vert meldt til politiet er at verksemda over tid skal ha oppgitt feil tal som viser materialegjenvinningsgrad av norsk plastemballasje. Det skriv VØR på sine heimesider.

Feilrapporteringa var oppdaga i fjor haust under ein kontroll. Plast som m.a. VØR har samla inn har blitt sendt til anlegget i Sverige. Dagleg leiar Petter Bjørdal går no ut ifrå at plasten som no vert samla inn vert sendt til anlegg i Tyskland. Det har ikkje blitt funne avvik i anlegga i Tyskland.

- Det er ingen grunn til å la vere å sortere ut plast. Gjenvinning av plast har kome for å bli. Det har dei siste åra skjedd ei positiv utvikling, der stadig meir plasten frå hushald går til materialgjenvinning. Den plastfraksjonen som det her dreiar seg om - såkalla mix plastic - er ein fraksjon med ulike kvalitetar og funksjonar, og som vi i bransjen har visst har vore krevjande å materialgjenvinne, seier Bjørdal.