Slik konkluderer ordførar Stein Aam (Sp) i Ørsta kommune.

Førre tysdag skreiv Møre-Nytt at Ørsta er den kommunen i Møre og Romsdal som har omdisponert mest dyrkajord til andre føremål dei siste åra. Til saman 460 dekar matjord har vorte bygt ned i kommunen mellom 2007 og 2014. Ordføraren vart sjølv overraska då han såg det høge talet. I førre veke fekk ikkje Møre-Nytt eit konkret svar frå landbrukskontoret om kvar dei nedbygde områda ligg. No har ordføraren undersøkt saka nærare.

– Ein betydeleg del av det totale arealet er planlagt ført tilbake til jordbruksareal. Dette gjeld masseuttaka på Store-Standal og på Grossmyra i Åmdalen, seier Aam.

– Summen er for høg

Likevel: Sjølv om masseuttaka blir trekte ut frå totalen, er det framleis store landbruksareal som er bygt ned i Ørsta siste åra.

Ordføraren nemner Smiebakkane, Prestegardsmarka, bustadområde på Brautaset og Håvoll/Halse og området bak Tussatun i Hovdebygda som døme på dyrkamark som har vorte nøydd til å vike.

– Summen er for høg, og det samla presset på jordbruksarealet i Ørsta er for stort, konkluderer ordføraren.

Målet til staten er å stramme inn arealet på dyrkamark som blir omdisponert frå maks 6.000 dekar årleg i dag til maks 4.000 dekar årleg i 2020. Kommunane vil dermed bli pålagde å drive strengare jordvern.

– Mitt grunnsyn er at det kan kome ein dag der vi blir nøydde til å vere meir sjølvforsynte med mat i Noreg enn vi er i dag. Då treng vi matjorda. Difor meiner eg det er grunn til å vere meir restriktive enn i dag.

Press i sentrumsområda

Ørsta kommune og Ørsta sentrum er i vekst, og ønskjer meir vekst. Det er ikkje lett å kombinere med jordvern i pressområda. Mosflata, eitt av dei beste og mest sentrumsnære jordbruksområda i Ørsta, har allereie vore omdisponert i årevis.

– Dette er ein vanskeleg balansegang, men det er ein kjempekvalitet for Ørsta at vi har dyrkamark og beitande dyr så tett på sentrum. Det er ikkje mange stader på storleik med Ørsta det er slik. Den kvaliteten vil eg ta vare på, seier ordføraren.

Konflikten mellom utvikling og jordvern kom også til syne då kommunestyret handsama den nye kommunedelplanen for sentrum og Hovdebygda i fjor. Sjølv om fleire titals dekar dyrkamark vart omdisponert i planen, vart eit svært godt jordbruksareal i Rystene skåna for nedbygging.

– Den saka ser eg på som ein siger for jordvernet, seier Stein Aam. Han ser føre seg at jordvernet må kome først i liknande saker i tida som kjem.

No er ei omdisponering av eit kjerneområde for landbruk i Follestaddalen ute til høyring. Både fylkesmannen og naboar i området vil spare denne dyrkamarka.

Ordføraren vil ikkje flagge standpunkt før saka kjem tilbake til politisk handsaming etter høyringsrunden.

– Men då vil vi ta diskusjonen om dette området, varslar han.