- Dette er eit krevjande utgangspunkt for eventuelle vidare forhandlingar. Det er eit tilbod utan visjonar, som ikkje svarer på oppdraget frå Stortinget om eit mangfaldig landbruk over heile landet, seier Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag og jordbrukets forhandlingsleiar, i ei pressemelding.

Onsdag la staten fram sitt tilbod til bøndene. Årets jordbruksforhandlingar er dei første med Jon Georg Dale (Frp) frå Dalsfjorden som statsråd. Staten tilbyr 90 millionar kroner, medan kravet til bøndene er 860 millionar kroner.

Staten sin forhandlingsleiar, departementsråd Leif Forsell, ikkje samd med Bartnes.

– Den økonomiske situasjonen er vanskelegare i år enn i fjor, og låge råvarepriser i Europa gjer at ei mer moderat løns- og kostnadsutvikling er naudsynt for å oppretthalde konkurransekrafta og auke produksjonen, slik regjeringa har mål om. Samtidig har jordbruket hatt ei god utvikling og meget god inntektsvekst de to siste åra.

Inntektsveksten for bøndene vil ligge på 1,5 prosent frå 2016 med staten sitt tilbod. Den gjennomsnittlege inntektsveksten frå 2014 til 2016 vil ligge på 5,25 prosent per år om tilbodet blir godteke. Staten argumenterer med at dette er klart høgare enn den generelle lønsveksten per år.

Budsjettstøtten er foreslått redusert med 70 millionar kroner samanlikna med i fjor. Samtidig er målprisen på jordbruksprodukt auka med 125 millionar kroner.

Ifølgje Merete Furuberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, er avstanden mellom krav og tilbod svært stor. Ho reagerer sterkt på at staten vil redusere budsjettoverføringane.

– Skal vi ha moglegheit  til å auke matproduksjonen på norske areal, så må alle bønder over heile landet få ein inntektsauke. Dette føreset at budsjettmidlane blir auka samanlikna med dagens nivå. Staten vel å gjere det motsette. Statens tilbod representerer ei aktiv nedbygging av evna til matproduksjon i Norge, seier ho.

Bondeorganisasjonane ønskte også å endre strukturen på støtten, til fordel for små og mellomstore bruk.

– Det er svært skuffande å registrere at ingen av desse betringsforslaga er følgt opp i statens tilbod, seier Furuberg.

Bondeorganisasjonane vil no bruke nokre dagar på å sette seg inn i tilbodet, før dei avgjer kva dei gjer vidare.

Årets jordbruksforhandlingar er dei første med Jon Georg Dale (Frp) som statsråd.