Tidlegare ordførar Gudny Fagerhol vart søndag tildelt sølvnåla for langvarig og godt medlemskap i Arbeidarpartiet.

- Du er ein av våre aller største samfunnsbyggarar, du er ei ekte heiderskvinne, og vi i Ørsta Arbeidarpartiet er stolte og takknemlege for den innsatsen du har lagt ned for Ørsta, Arbeidarpartiet og Søre Sunnmøre, sa Fredric Holen Bjørdal då han delte ut nåla til Fagerhol.