Statens vegvesen er i gang med å planleggje ei ny ferjekai på Vikeneset i Volda. Det kjem fram i eit referat frå eit møte mellom Volda kommune og vegvesenet.

Årsaka er at den eksisterande kaia er i dårleg stand, og må erstattast med ei ny kai. Den gamle kaia skal heilt vekk.

Det vil også verte gjort arbeid mot E39 Sjøgata for å hindre undergraving av vegen.

Ferjetrafikken medfører skadar på denne vegen.

Den nye kaia skal ha ei lengd på 90 meter, og vert fundamentert med stålrørspålar. Talet på oppstillingsplassar for bilar vert truleg redusert noko.

Det er også planlagt nytt venterom på ferjekaia, med nytt toalettanlegg.