Det sa tidlegare Volda-ordførar Ragnhild Aarflot Kalland (Sp) under folkemøtet om kommunereform i Volda tysdag kveld. Ho har tidlegare meint at Volda og Ørsta kommunar kan slåast saman, men ho har ikkje det synspunktet i dag.

- Det har med prosessen å gjere, og eg meiner det rett og slett er galne Mathias frå regjeringa, sa Aarflot Kalland som også meinte at intensjonsavtalen mellom dei to kommunane ikkje er god for ho som volding til å seie ja til samanslåing.

Folkemøtet på Volda samfunnshus samla rundt femti frammøtte. Ordførarane i dei to kommunane la fram sine syn i samaslåingssaka og informerte om prosessen fram til i dag. Spørsmåla frå salen var delt om dei var for eller mot samanslåing. Per Kristain Langlo, som bur i Volda og har arbeidd i Ørsta i 28 år, meinte at politikarane i begge kommunene må stille seg spørsmålet om dei er med på å skape utvikling.

- Skapar vi ei betre utvikling ved å slå oss saman eller ved å stå aleine? Min ståstad er litt som karakteren til Harald Heide Steen Jr. "jeg ser ikke den grense under vann". Næringsutvikling vil gangne begge kommunene, og poltikarane må stille seg spørsmålet om korleis vi skaper utvikling, sa Langlo.

Anita Arnesen Kragset var oppteken av Volda har sotrt behov for ein fleirbrukshall, og var bekymra for at det ikkje vil kome i hall i Volda etter at Ørsta har gjort vedtak om bygging av fleirbrukshall.

- Det er ingenting som er i vegen for at vi kan bygge ein kjempehall i Volda viss vi har økonomi til det. No har vi priortert nye Øyra skule, og vi veit at det er store utfordringar med ungdomsskulen, sa Jørgen Amdam.