Det seier lensmann Guttorm Hagen. Han gler seg over den utviklinga som er på gang i Ørsta sentrum, med folkeleg engasjement og med ein kommune som er aktive i ein ny planprosess.

– Her står grunneigarar private elles og det offentlege saman. Det er eldsjeler på alle nivå, seier Hagen.

Han er oppteken av at det vert skapt eit sentrum som er trygt å bu og trygt å ferdast i.

– Dei politimessige sidene av dette handlar om tryggleik, både i trafikken og at det skal vere mogleg å bu i sentrum og drive næring her, seier Hagen.

Difor ynskjer han å gjere Webjørn Svendsen-gata til ei miljøgate, med ei fartsgrense på 40 km/t. På kveld og natt ynskjer han å stengje gata for gjennomkøyring.

– Det må skje fysisk med ein bom, seier Hagen.

For å få dette til, meiner Hagen det er eit vilkår at det vert etablert ei rundkøyring på Ivar Aasen-gata mellom Nordea-bygningen og Rygh-huset, og at det der vert ein arm til Amfi-senteret.

– Då vil ikkje trykket på Webjørn Svendsen-gata vert så stort, Amfi-senteret vert sikra tilkomst, og vi får ein betre trafikkflyt.

Etter at Sjølina vart forkasta som alternativ for E39, meiner Hagen det har opna seg store mulegheiter for å utvikle Ørsta sentrum i positiv lei.

– Vi må få til ein kombinasjon av næring, forretningar, turisme og bustader. For å ha eit levande sentrum må her bu folk. Vi må opne oss mot sjøen og skape møteplassar. Med dei rette grepa kan her kome serveringsstader og verksemder som vil trekkje til seg turisme, seier Hagen.

Han meiner planleggjarar og næringsdrivande skal sjå mot Lofoten.

– Svolvær har hatt eit utgangspunkt som Ørsta, og fått til mykje. I Ørsta har vi ei stor mulegheit med å utnytte kontakten med fjordbotnen gjennom ein promenade frå småbåthamna til Strandgata, seier lensmannen.

– Vidare må vi få utvikla bustader i dette området, med utsikt og balkongar mot sjøen.

Hagen er glad for at det ser ut til å vere ei heilskapstenking om sentrumsutviklinga.

– Tankane som er presentert av dei danske arkitektane som vann Europan-tevlinga vert følgt opp. Det vert sett ein samanheng mellom utbygginga av idrettshall, skuleutvikling og tilknytinga til sentrum, kommenterer Hagen.

I utforminga av Webjørn Svendsen-gata som ei miljøgate er Hagen oppteken av at det vert teke omsyn til mjuke trafikantar, og at det skal bu folk i området.

– Her må kome gode fortau, og parkeringsplassane kan vere tilbaketrekte. Det er viktig med god lyssetting, slik at dette vert eit triveleg område på kveldstid og i den mørke årstida, seier Hagen.

Dei siste åra har det sommarhalvåret vore ein del klager på dur og støy knytt til uvettig køyring med mopedar, motorsyklar og bilar.

– Rett nok har det betra seg noko dei siste åra etter at politiet byrja med aktiv patruljeteneste døgnet rundt. Eg har ei oppmoding til dei unge vaksne som er ute og køyrer på denne måten. Det er at dette er eit område med arbeidsplassar, og eit område der det kan skapast arbeidsplassar. Difor handlar det om deira eiga framtid, at her kan verte skapt eit godt og trygt miljø for bustader og næring, og kanskje vere ein stad der dei sjølve vil få mulegheit til å finne seg arbeid, seier lensmannen.