– Målet er at flest mogleg av strendene og vassdraga i kommunane skal ryddast. Vi har framleis nokre kvite felt på kartet, så vi håper fleire melder seg og vil rydde, seier Knut Festø, leiar i Naturvernforbundet i Ørsta og Volda.

Strandryddedagen er ein ansjonal dugnad på initiativ frå organisasjonen Hold Norge Rent.

Tidlegare har strandryddedagen vore ganske laust organisert i Ørsta og Volda, men i år går altså dei to Frivilligsentralane, Volda og Ørsta Reinhaldsverk og Naturvernforbundet saman om organiseringa av dagen.

Rekord

Den offisielle strandryddedagen er 7. mai, men det er opp til strandryddarane å bestemme kva dag dei vil gjere det.

– Difor kallar vi det strandryddedagar. På Sæbø er dei allereie ferdige med årets strandrydding, seier Rebecca Riise Bjerknes, leiar i Ørsta Frivilligsentral.

– Resultatet blir rapportert inn i tal på kg og tal på kilometer strender som er rydda. Dei som deltek kan rapportere inn tala til oss, så melder vidare. Målet er å setje ny rekord i Ørsta og Volda, seier Astrid Gjersdal, leiar for frivilligsentralen i Volda.

Vartdalsstranda

Det er i hovudsak to område det er behov for fleire ryddarar: Langs heile Vartdalsstranda, inkludert Barstadvik, og i Steinsvika i Dalsfjorden.

– Her er det berre å melde seg for dei som vil, seier Festø.

Marin forsøpling har vorte eit stort problem. Det meste av forsøplinga på land hamnar til slutt i sjøen. Gummirestar frå trafikken og gummikuler frå kunstgrasbaner er døme på det.

– Den typen avfall får ikkje vi gjort så mykje med under strandryddedagen, men vi kan ta tak i alt det andre. Når vi slår saman alt, inkludert avfallet frå fiskeri og hushaldningar, blir det enorme mengder. Og det er vanskeleg å bli kvitt. Den første plasten som vart produsert er ikkje broten ned enno, seier Festø.

– I tillegg får vi jo trivelegare og vakrare strender når vi ryddar dei, legg han til. Avfallet blir henta av VØR på avtalte stader etter ryddinga.

Lag, organisasjonar, skular og private initiativ er alle velkomne til å delta. Interesserte kan ta kontakt med ein av frivilligsentralane. Dei kan også informere om kvar avfallet blir henta, og dei ordnar med sekkar og arbeidshanskar.

- Det er også nokre som ryddar uavhengig av oss, og det synest vi berre er flott, seier Riise Bjerknes.

<strong>I fjor:</strong> Bildet er frå fjorårets strandryddedag, då elevar frå Ørsta ungdomsskule av deling Liadal rydda på Raudøya. ?Foto: janne-Marit Myklebust