Det seier Jenny Klinge (Sp), stortingsrepresentant på Mørebenken.

Torsdag var ho i Volda og fekk omvising på høgskuleområdet. Det var dei praktiske og estetiske faga som var tema for besøket, og Klinge fekk mellom anna høyre om korleis høgskulen jobbar for å gi dei praktisk-estetiske faga ei større rolle i skulen.

– Det eg er redd for, er at vi får ein skule der alle lærarane har den same kompetansen, og at den er i norsk, engelsk og matematikk, sa Aud Folkestad, dekan ved avdeling for kulturfag, til Klinge.

Ho orienterte også om campusutviklingsprosjektet og planane om eit kombinert mediehus for høgskulen og kulturbygg for Volda kommune. Høgskulestyret har no gitt si velsigning for å jobbe fram eit forprosjekt for det nye huset, sjølv om skulen er inne i ei brytningstid og det framleis er uklart kva utfallet av høgskulereforma blir.

– Om vi ikkje fornyar oss, kan vi kome til å tape i konkurransen mot dei som gjer det. Vi har til dømes media city i Bergen. No er det tid for å satse, sa Folkestad.

– Det slår meg at det høgskulen gjer her er heilt rett. Det er no det er viktig å vere offensiv og vise kva dei kan få til, forklarte Klinge til Møre-Nytt etter besøket.

Høgskulen i Volda har valt ein annan veg enn mange andre i høgskulereforma. Skulen i Ålesund har fusjonert med NTNU og mykje tyder på ei samanslåing av fleire av høgskulane på Vestlandet sør for Stad. I Volda er strategien å stå på eigne bein, men jobbe med å få til eit større fagleg samarbeid med Universitetet i Bergen.

– Eg meiner det må vere rom for å finne andre løysingar enn samanslåing, sa Klinge, som stiller spørsmål ved om det er ein god idé å slå saman mange høgskular som ligg langt frå kvarandre geografisk.

– Trur du Volda vil kunne halde oppe kvalitet i lærarutdanninga, som skal bli ei masterutdanning, i konkurransen med dei større skulane?

– Eg trur ikkje det er storleiken som avgjer kvaliteten. Det er opp til skulen sjølv å syte for at dei leverer kvalitet, seier Klinge, og viser til at søkjartala til Volda er svært gode.