– Voldatunnelen er eit godt prosjekt som er verdt å jobbe for å finne plass til på NTP.

Det seier Helge Orten (H), stortingspolitikar på Mørebenken og medlem i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, til Møre-Nytt.

Denne veka var komiteen på gjennomreise i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Turen er del av arbeidet med den komande Nasjonal Transportplan (NTP). Planen avgjer kva vegprosjekt som blir prioriterte frå 2018 til 2029, og Orten er sentral i arbeidet med han på Storinget. Voldatunnelen er nemnt i plangrunnlaget frå Statens vegvesen, og bør dermed ha moglegheiter for å bli prioritert av Stortinget.

Avgrensa pengepott

Ørsta og Volda kommunar har engasjert Svein Sunde som lobbyist. Han skal jobbe både for realisering av Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga. I førre veke sa han til Møre-Nytt at målet er å få begge inn på den komande NTPen.

– Kor realistisk er dette, Orten?

– Eg trur ikkje det er rett for meg å gå inn på desse prosjekta i detalj no. Som representant for Møre og Romsdal er det naturleg at eg jobbar for å få realisert gode prosjekt i fylket. Samtidig må eg ta innover meg at pengepotten er avgrensa.

– Korleis ser du på moglegheita for å knyte ein samferdslepakke for Ørsta og Volda på bompengane i Voldatunnelen?

– Personleg meiner eg det er viktig å tenke gode totalløysingar. Samtidig er Voldatunnelen eit prosjekt som står seg bra på eiga hand, og det er grenser for kor mykje vi kan belaste bilistane med bompengar. Men det må vere rom for å tenke litt kreativt i slike prosjekt.

Hafast først

Høgre-politikaren meiner det er fjordkryssingsprosjekta Møreaksen (Ålesund-Molde) og Hafast som vil gi størst nytteverdi, og at det er naturleg å jobbe for realisering av desse først.

Ørstafjordkryssinga har vorte knytt opp mot Hafast saman med ei eventuell kryssing av Vartdalsfjorden. I Ørsta er frykta at det vil forseinke prosjektet. Orten meiner kryssinga av Sulafjorden, som vil gi fastlandssamband frå Søre Sunnmøre til Ålesund, bør vere førsteprioritet.

– Eg trur det som gir størst effekt er å bygge Hafast først. Så får vi utnytte eksisterande infrastruktur (Eiksundtunnelen) vidare sørover i første omgang. Innkortingsprosjekta vi snakkar om her får då kome etter, seien, seier Orten, men presiserer at han ikkje er ferdig konkludert.

– Fjordkryssingane gir størst nytteeffekt, men det betyr ikkje at vi ikkje kan vere plass til andre prosjekt i planane.