Det skriv representantar frå Ørsta ride- og køyreklubb, Ørsta/Volda fjordhestlag og Vestri Ørsta/Volda Islandshestforeining i eit brev stila til Ørsta kommune, Statens vegvesen og til politiet.

Dei ønskjer oppsetting av fareskiltet «Ridande» på fleire fylkesvegar i Ørsta. Dei trekkjer særleg fram desse strekningane:

Fv. 651 Brekke-Ørsta, Fv. 57 Melsvegen-Ørsta, Fv. Engesetvegen-Ørsta og Fv. 67 Sætre-Årset på Vartdal.

– Grunnen til at vi ønskjer skilting på desse strekningane er at vi ikkje vil ha ei ulykke som hesteulykka på Bjørkelangen, der to jenter på 11 og 13 år vart drepne. Vi har hatt mange nestenulykker oppgjennom åra, og vi trur at eit skilt kan vere førebyggjande for at ei slik tragisk ulykke ikkje skal skje igjen. Sidan dei aktuelle vegstrekningane også vert brukt av andre mjuke trafikantar, bed vi om etablering av fartsdempande tiltak/fartsdemparar på desse vegstrekningane, skriv dei.

– Elles er også skilting mot eksisterande ridebane/ridehall på Ripateigane svært ønskjeleg.